Hausten før hadde Slice-gutane arrangert oktoberfest og konsert i bar-lokala på Stanghelle, dette var så kjekt at me fekk lyst til å starte ein festival, med større scene, større artister og fleire publikum.
I 2022 starta me på Geitabakken på dale, Roc Boyz, Soppgirobygget, El Papi og Dårlig Vane stod på plakaten. Vår trufaste lyd og lys-leverandør Bergen Lyduteleie leverte scene og me kjørte til Herdla til "Dasskongen" for å hente festivaltoalett. Gjennomføringa i 2022 vart ein stor suksess og me bestemte oss for å fortsette med festivalkonseptet.
2023 Utgava vart flytta til seinare på Hausten, då me året før hadde gått på ein uheldig smell og lagt festivalen til samme dag som eit anna arrangement i kommunen. Bausa, Amara, Chris Abolade, Pattesutter, Den BB og Klikkmonopolet kom til Dale, og me fortsatte med det me trudde fungerte best - musikk retta mot det yngre publikumet.
2024 Bestemte me for å flytte festivalen til Agnavika på Stanghelle, og ein måned etter dette var søkt om, gjekk det eit stort ras over det gamle festivalområdet på Geitabakken. Me utvida festivalen frå ein til to dagar, og budsjettet vart nesten dobla. Me ønska å treffe breiare med musikken, og få med publikum i alle aldra, samtidig som me vil få byfolk og vossingane til å ta turen. John Olav Nilsen, Beathoven, Tyr, Kapteinen, Pattesutter, Taus og Kleivakongen opptrådde, og dette vart ein stor sukssess.
2025 Fortsett me i Agnavika på Stanghelle, me skal berre flytta ein Sauna først. I år forblir den største artisten hemmelig heilt fram til festivaldagen, i tillegg kjem Hjerteslag, Matti Røssland, Kris Winther, Hjorterud àllem På grensen til allsang og Kleivakongen og Dei. Me gleder oss!
Me vil takke alle sponsorar, frivillige og andre støttespelarar som har gjort det mulig for oss å arrangere Elvebrus, tusen takk!